Vinkelplassen laurdag og Botanisk hage sundag

Vårlam

Heisann og hopp alle saman

Denne helga vert det marknadar i Oslo heile helga. Laurdag på Vinkelplassen og søndag i Botanisk hage.

Dette gler me oss stort til. Lenge sidan sist på Vinkelplassen, og supertriveleg i Botanisk hage.

I Flåm stormar våren framover. Sommar er det ikkje råd å snakka om, endå. Me lener oss på på ordtakeket som gjeld for vestlandet: “Mais kulde gjør bondens lader fulle.” Om dette slår til, så vert det gode gras-avlingar i år :-)

Med denne gongen har me ein fin miks av ferskt kjøtt av lam og kje, grillmat, kjøttbollar, bacon, spekemat og sjølvsagt Sognalapskausen.

Som sikkert dei fleste har fått med, så er Sognalapskaus eit særs bærekraftig produkt. Grønnsakene er fråsorterte grønnsaker frå Lærdal (Nabo-dalføre). Dette er grønsaker som grunna feil storleik eller form vert sortert bort. Samstundes er det ikkje noko i vegen med smak og kvalitet elles. Kjøtet er frå Sogn og produsert i Haugen. Me kokar først kjøtet, for så å koka grønnsakene i krafta, før me set tilbake kjøtet. Dette gjev ein svært enkel, ærleg, og for oss, velsmakande Lapskaus, der totalproduksjonen skjer innanfor eit svært lite geografisk område, med tilsvarande lite transport. Kan det verta likare, i vår tid?

Kanskje sjåast me til helga?

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd

Cart (0)