Hei alle saman
No er verkeleg sommarsesongen over oss her i Flåm, og dagane flyr!
30 griser er på plass og koser seg med å utforske utmarka, sau og lam er på god veg til fjells, og turistane har innteke bygda for fullt. Talet folk som går til Brekkefossen er formidabelt og me trivast med å ha vår vetle Airb&b-utleige på tunet.
Det er også kjekt å sjå at de har funne fram til den vesle nettbutikken vår med spekemat, og me sender ut fortløpande i posten.
Elles er det verkeleg flotte bilete som er teke av spekematen vår og lagt ut på Instagram!
Det er berre få dagar att av konkurransen, og me oppmodar alle som har spekemat frå Haugen til å leggje ut bilete slik at de kan vera med å kjempe om eit stykke langtidsmodna spekeskinke som kjem i posten i juni.
Denne helga er me på Fisketorget i Bergen og tek med oss grillmat, spekemat, bollar, bacon og litt Sognalapskaus. Dei flittige bøndene i Lærdal grønt er i full gang og me har lagt ein plan i lag slik at me kan nytte dei flotte råvarene i tida som kjem.
Me ynskjer alle ein flott fredagskveld, og vonar å sjåast på dei siste marknadene før sommaren tek oss fullstendig 😊
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat