Hei alle saman !
Minstemann Jon i sving :)
No går det, om mogeleg, endå fortare!
Me står på, og tre generasjonar er i sving for å få alle marknader og bestillingar til å gå som dei skal.Me er så takknemleg for at heile familien stiller opp i ei travel førjulstid!Like eins set me stor pris på å møte dykk alle: Takk for godord og helsingar.
Julemat frå Haugen er meir populært enn nokon gong før!
I år har me hatt ei sterk auke i bestillingar totalt sett, men me har framleis att pinnebog, julepålegg, medisterkaker, og ikkje minst fersk hjort og rein :) Det er diverre slik at me no er så og sei tome for pinnakjøt og svineribbe. Dersom det er nokon som ikkje hentar sine bestillingar, vil dette verte solgt siste helga på Bondens Marked.
Glad-nyheiter:
Me har litt LANGTIDSMODNA SPEKESKINKE som me kan selje no før jul !Me har tenkt på korleis me kan gjere dette mest mogeleg rettferdig, mange har venta på skinka og me ynskjer at alle skal få. Så, me tek med oss til marknad denne helga, fordelt likt mellom Bergen og Oslo. «Det vert første mann til mølla»-prinsippet.
Me vil også ha nokre FENALÅR til som er klar til siste marknadshelg. Første mann til mølla :)
NB! Me har ikkje mogelegheit til å følgje opp dette på bestilling sidan me anten er i produksjon, pakking, på veg til, eller på marknader.
Før julefreden skal senker seg også i Haugen, finn de oss:
OSLO
· Regjeringskantina R5 13. desember (berre for dei som jobber i departementet)
· Vinkelplassen 14. desember
· Bærums Verk 15. desember
· Vinkelplassen 19.-21. desember
BERGEN
· Fisketorget 14.-15. desember
· Reko-ringen Fana 17. desember
· Reko-ringen Åsane 19. desember
· Reko-ringen Fyllingsdalen 19. desember
· Fisketorget 21. desember
Med von om ei fin førjulstid til dykk alle!
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat