Då er me klar for siste innspurt før jula senker seg også i Haugen.
Det vert utlevering på Reko-ringen i Sogndal, Fana, Åsane og Fyllingsdalen denne veka, og Bondens Marked på Fisketorget 21. desember og på Vinkelplassen 19.-21.desember.
Me tek med oss alt me har av julepålegg, medisterkaker, fersk hjort og rein.
Dersom det er att pinnakjøt, pinnebog, fenalår og spekeskinke når alt er fintelt av bestillingar og venteliste, vert det fordelt likt mellom Bergen og Oslo.
Spesielt denne gongen er at me har med norsk fjellrype!
Vår gode ven og ivrige jaktkamerat Erling har vore nokre rundar i fjella her, og desse vert med oss til Bergen og Oslo til den 21.desember.
Me har også nokre ½ reinskalvar me kan ta med til den 21. desember dersom du bestiller på e-posten bestilling@haugengardsmat.no Bestillinga er open til kl.12.00 torsdag 19.12.
Dette er nok siste nyheitsbrev frå oss i år, og me ynskjer å takke dykk alle for at de vitjar oss på stand i all slags vær.
Takk for godord og positiv innstilling.
Alltid kjekt å møte dykk!
Så, hvis ingen går i fella, men passar seg for den, skal alle saman snart får feire jul igjen :)
Med von om ei fredeleg jul
frå alle i Haugen