Tek du den, så tek du den også :)

(bilde av Ukjent forfatter, lisensiert under CC BY-SA)

(bilde av Ukjent forfatter, lisensiert under CC BY-SA)

Me kjenner oss att, det er vanskeleg å stoppe når ein først er i gang,
og me takkar ja til å bidra eller delta så mykje så me klarar å rekkje over.
Men de er vel ein god ting, er det ikkje?
Godt med påfyll, og positiv energi gjev det også!

 Førjulstida er viktig for oss, og me vil at alle som ynskjer det, skal kunna få julemat frå Haugen også i år. Så, i tillegg til Bondens Marked i helgane som kjem framover, har me kasta oss rundt og er med på Reko-ring her i vest.
Me ser at dette er svært positivt sidan det ikkje er alle som har mogelegheit til å kome på Bondens Marked som stort sett er i helgane.

 Det betyr at: MEIR ENN NOKON GONG ER DET VIKTIG Å VERA TIDLEG UTE MED BESTILLING SLIK AT DU FÅR DET DU YNSKJER TIL JUL!

De kan sjekke deltakinga vår både på REKO-RING og BONDENS MARKED her: www.haugengardsmat.no/marknader

 Me vil spesielt nemne:

Reinskalv
Også i år tek me inn reinskalv med høg kvalitet frå Filefjell.
Dersom du skal ha ½ eller 1/1 reinskalv, men også om du ynskjer stykningsdelar (førast i kommentarfelt).

 Grisene våre (frittgåande utegris som har vorte «stjerner på Instagram og Facebook i år)
Du kan bestille også heil og halv gris, svineribbe, men også andre stykningsdelar (førast i kommentarfelt).  
Pinnakjøt og fenalår Her har me den mengda me har, dette finn du att på bestillingsskjema eller liste i Reko-ringen.

 Korleis bestille?

·       TIL BONDENS MARKED; POST ELLER AVTALT HENTING LOKALT:
Nyttar du bestillings-skjema på nettsida www.haugengardsmat.no/julebutikken

·       Ynskjer du å bestille til henting via REKO-RINGEN, gjer du det på Facebook-sida til den einskilde REKO-RINGEN. Du finn oversikt her: https://www.haugengardsmat.no/marknader#praktisk-info-bondens-marked-section

 Då sjåast me?

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)