Spekemat og grill til mai-dagane

Grønt i Flåm

Grønt i Flåm

Er det ikkje flott ute om dagane?

Her i Flåm har været vore ekstraordinært varmt og fint.
Det er bra for dei nyfødde lamma og mødrene som kjem tidleg ut på det kraftige vårbeitet!

Dei siste vekene har naturen eksplodert i fargar, og me kan ikkje på ståande fot hugse at det har vore så grønt som dette såpass tidleg.
Me kan derimot hugse eit år me hadde vanskar med å finne bjørkelauv me skulle pynte med til 17.mai, heldigvis er heller ikkje det normalen :)

Sjølv om værmeldingane syner at det framover vert litt kaldare er me glade for voksteren og endringane i naturen kring oss. Kontrasten vert stor når du eine dagen er på Finse, og neste reiser til den grøne bygda att.
I år, som alltid, var me med Finse Røde Kors i Lengjedalen under Skarvarennet. Det er alltid kjekt å kunna bidra til mat gjennom dagen til alle frivillige, og til middag på kvelden. Som de sikkert gjettar, fekk Ulvik, Vossestrand og Finse Røde Kors servert Sognalapskaus i år og me sette pris på gode tilbakemeldingar.
I dag lagar me ny runde, og dette vert sjølvsagt med på marknaden til helga.

Mange nyttar spekemat no i mai-dagane, og tek med oss langtidsmodna spekeskinke, krydderbiff og fenalår. Her hjå oss, som mange andre stader er rømmegraut fast på menyen på 17.mai og då er alltid spekemat og flatbrød attåt.

Me har laga oss ein liten nettbutikk no som gjer at de kan bestille spekemat og få det sendt i posten også om det vert vanskeleg å møte oss på marknader.
Du finn den her: https://www.haugengardsmat.no/nettbutikk

Med grøne bøar, varmare vær og lengre dagar med lys, kjem grillen fram.
Skiva marinert lammelår og lammemørbrad passar særs godt.
Det same gjer kjeribba.
Ein kjapp vri er kjøttbollar på grillspyd saman med grønsaker og bacon :)

Denne helga finn de oss på Vinkelplassen på Majorstua, neste helg vert det Bergen, Asker og Kolbotn Torg om alt går etter planen.

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)