Har du det på same måte? Det går fort!
Det er snart juni og me nærmar oss slutten på vårens marknad-sesong.
Dagane er lysare og lengre. Det spirar og gror, og likevel er ikkje skisesongen over i høgfjellet.
Ei fantastisk tid!
Me har hatt ei annleis vår i år, som alle dykk andre.
Den har vore travel og utfordrande, men me har mykje å gle oss over.
Det å kunna møte dykk alle på Reko-ringar og marknader har vore energi-gjevande!
MEN ME ER IKKJE FERDIG ENNO og lista over deltaking er no oppdatert, den finn du HER.
Mange har snakka om å vitje oss gjennom åra. Herved ein open invitasjon: Me har eit Kårhus og ein studioleilighet på Eldhuslemmen me leiger ut gjennom Airb&b.
Tek du kontakt kan du også bestille middag i Grindløa. Litt lokale matvarer til andre måltid kan me tipse om, eller ordne til de kjem.
Kanskje me sjåast? -det hadde vore kjekt!
Til helga reiser Odd til Bergen og Bondens Marked. Morfar Egil og Harald stiller på Fisketorget.
Neste veke er det REKO-RING i: Sandvika, Åsane og Fyllingsdalen. Det er Bondens Utlevering i Asker før marknadshelg i Oslo med Vinkelplassen fredag og Kolbotn Torg laurdag :)
Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat