Bondens Marked og Reko-ringar framover

Hei alle saman!

stempel.png

Som så mange andre stader, kan mai diske opp med varme «sommardagar» for like etterpå å gje deg kjensle av at vinteren er i anmarsj, som dei siste dagane her hjå oss.
Katta har krølla seg opp i godstolen etter ei vellukka natt på jakt, mens me andre held hjula i gang.

Det er eit stramt program framover, og me prøver å rekke over så mykje som mogeleg.
Då er det godt å vete at me har familie og gode vener som trer støttande til når det trengs.

No til helga tek me turen over fjellet att for å vera med på BONDENS MARKED på VINKELPLASSEN (Majorstua) fredag 15.mai og BONDENS MARKED i BIRKELUNDEN laurdag 16.mai (Grünerløkka)

ONSDAG 20.mai står Bondens Utlevering i Asker og reko-ringar i Sandvika, Åsane og Fyllingsdalen på planen. Same utleveringsdag for alle, så då gjeld det å halde tunga beint i munnen under pakkinga!
-godt me skal få hjelp til det :)

Veka etter er det Reko-ringen Fanatysdag 26.mai og Bondens Marked i Bergen laurdag 30.mai.

Dette tek me med oss til marknader og utleveringar:

GRILLPAKKA fast pris kr. 1100
Mørbrad av hjort, skiva til grill (ca. 1 kg+)
Ytrefilet av lam (totalt ca 800 gram+)
Svinenakke, av eigne frittgåande gris, skiva til grill (ca. 1kg+)
6 storfeburgere, rå singelfrys 180g pr.stk  

KVARDAGSPAKKA, kjapp og enkel kvardagsmat, fast pris kr 600
6 stk. storfeburger, rå 180g pr.stk
1 kg kjøttkaker
3 pk Sognalapskaus

SPEKEPAKKA fast pris kr. 180
0,2 kg slica speka ytrefilet av svin
0,2 kg slica krydderbiff (speka og krydra flatbiff av svin)

HJORTEPAKKA Vill-hjort fast pris kr. 1000 kr
Ytrefilet (ca. 400-600 g)
1 kg Grytekjøtt utan bein 2 x 0,5 kg
Hjorteburger 6 stk. (180 g)

Det er også mogeleg å HANDLE EIT PRODUKT ELLER LAGE DINE EIGNE PAKKAR:
0,2 kg slica KRYDDERBIFF (speka og krydra flatbiff av svin) kr. 100
0,2 kg slica SPEKA YTREFILET (speka ytrefilet av svin) kr. 110

SOGNALAPSKAUS 900 gram kr. 79,00 pr.stk
HAKKASTEIK (4 porsjonar) kr. 100,00
(Salta og røykt fårekjøt, salta svinekjøt og byggryn). Klart til steikepanna :)
LAMMESKANK, salta og røykt (+/- 450 g) kr. 80,00 stk
3 pk KJØTTBOLLAR 3 x 300 gram kr. 150,00
Du kan bestille viltbollar, lammebollar og tapasbollar, miks slik du ynskjer.
KJØTTKAKER (Storfe), singelfryst (ca 60g stk) 2 kg+, ferdig steikt, kr 400,00
HAMBURGER (storfè), 6 stk a 180g, 200 kr

VILLHJORT
YTREFILET Vill-hjort (400-600 gram) kr. 320,00 pr. stk
GRYTEKJØTT PÅ BEIN (1 kg) av Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
GRYTEKJØTT UTAN BEIN (0,5kg) Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar)
Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko 78 kr/pk. Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
HJORTEBURGER 180g 10 stk. singelfryst rå kr. 400,00 

Då sjåast me vonaleg på marknad eller reko.

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)