Sekken vår vart for tung å bera

Me har fram til i dag gjort det me kunne for å gå vidare med rammene som ligg, men når hotell og restaurant-marknaden forsvann over natta, vart bortfallet av marknad på opp mot 80%, for tungt å bera. Styret i Haugen Gardsmat har i dag begjært oppbud i det me har sendt verksemda til skifteretten.

Året 2020 starta så fint, 60% omsetningsvekst i høve 2019, men til tross for dette skulle det berre tre månadar til med Covid 19 for å setta stopp.
Som selskap ynskjer me å opptre så ryddig som mogeleg, og styret har difor over tid vore i dialog med bank og Innovasjon Norge.
Mange lokalmat-entusiastar har stilt opp og alle samarbeidspartnerar har vore ein stor styrke, men det har diverre ikkje vore nok.
Til tross for ein svært god prosess, var det ikkje mogeleg å fortsetje.
Me er svært takknemmeleg for at Innovasjon Norge og vår lokale bank, Sogn Sparebank har møtt oss på ein svært god og konstruktiv måte.

Me er audmjuke og takknemmelege for initiativ og bestillingar frå alle våre kundar, både private personar og ulike føretak.

Me jobbar no hardt med å finna alternativ for at Haugen Gardsmat skal halda fram som varemerke, og leva vidare om enn i ei anna form. Me ynskjer å kome sterkare tilbake, og startar så raskt som mogeleg med jobben for å berge livsverket vårt på ein eller anna måte, for å forhåpentlegvis å kunna gleda gode kundar med gode smakar også i framtida. 

Tusen takk til alle som har støtta oss i det me har kjempa hardt for i mange år.
Det har vore eit eventyr og me håpar på fleire nye i framtida.

Med von om at me sjåast snart igjen…

Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

#HaugenGardsmat #MedKjærleikFråFlåm

Cart (0)