Saman

I går, sundag, etter travle veker med Reko-ringar og Bondens Marked vart det tid til litt refleksjon her på tunet i Haugen. Fuglane har konsert rundt oss, elva og fossen brusar og me kjenner fred i sjelen.
Det er godt å vera.
Engasjement, omsut og alle som gjer ord om til handling har verkeleg varma og gleda i vekene me har bak oss. Som me tidlegare sagt, men som me ikkje kan sei for ofte: Me er takksam og audmjuk.
Familie og vener, gode og nære kollegaer og ikkje minst alle dykk som møter oss ute, gjer oss sterkare og styrkar oss i trua på framtida.

Marknad og utleveringar er no over for fyrste halvår, og me skal no ha fokus på gjester i tunet, arbeidet på garden, utleveringar til hotell og restaurant, før me kjem sterkt attende til nye ‘møter’ til hausten.
Nokre av dykk ventar ikkje så lenge, og har allereie planlagt tur til Haugen, Flåm og Sogn denne sommaren, Så flott!

smågris mai 2020.jpg

JEPP :) Grisene kosar seg! Dei er framleis små, og litt forsiktig beveger dei seg rundt på området. Dei utforskar og er ute på stadig nye eventyr. Dei held stort sett saman i tre grupper, og har funne funne sine vener og sin plass i flokken.
det er ikkje uvanleg å kome attende med “stempel” frå grisenasen på klærne når me er borte og helsar på.
Sauene er stort sett reist oppover bakkane på veg til fjells, graset er klart for fyrste slått og me går inn i ei tid med fokus på gardsarbeid, vedlikehald og oppgraderingar der det er mogeleg å få til.
Me kjem også til å få vitjing av ein del av dykk som nyttar ferien til å reise i eige land.
Om de vil overnatte i Haugen kan de sjekke desse tilboda:
KÅRHUSET, plass til maks 6 (2 soverom pluss sovesofa i stova)
ELDHUSLEMMEN, plass til 2 (studioleiligheit)

Me ynskjer dykk alle ei retteleg god summar, og så sjåast me!
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat





Cart (0)