Hei alle saman!
Me er godt i gang, med nye ting, og med vidareføring av prosjekt frå 2019.
Me har allereie delteke på ein del Reko-ringar i Bergensområdet. Det har vore svært positivt!
Me har pakka varer og store mengder Sognalapskaus til butikk og serveringsverksemder. SÅ KJEKT!
Svært overraskande var det også at me fekk Q-meieriene si Matredderpris. Takkar og bukkar for det.
Det vart ei minneverdig og svært koseleg overlevering når me var på Reko-ringen i Åsane.
Me feira med studietur for gjengen i produksjonen. Det var vel fortent etter travle dagar og ein kjempe sesong for Haugen Gardsmat.
Det har heller ikkje gått upåakta hen her hjå oss at Restaurant Bare har fått sin fyrste Michelin stjerne!
Me gratulerer så mykje og er svært stolt leverandør både til til Restaurant Bare i Børsen og Bare Vestland.
Denne hausten har dei fått stykningsdelar av villhjort frå oss.
No startar marknadsesongen for oss, og først ut er Bergen allereie komande laurdag!
Me kjem til Vinkelplassen på Majorstua i Oslo laurdag 7.mars
DET ER MOGELEG Å FØREHANDSBESTILLE DESSE VARENE SOM DE KAN HENTE PÅ MARKNADEN
Send bestilling på e-post til bestilling@haugengardsmat.no
KJØTTKAKER (Storfe),
singelfryst (ca 60g pr.stk) 2 kg, ferdig steikt, kr 400,00
HJORTEPAKKE I, Vill-hjort kr.1020,00
1 steik av rundbiff (ca. 1 kg), Ytrefilet (ca. 600 g) hjorteburger 4 stk.
HJORETPAKKE II, Vill-hjort kr.450,00
1 kg Grytekjøtt på bein, 2 pk Hjortekjøttdeig a 400gram, 3 pk. Viltbollar a 300 g
HJORTEBURGER 180g 10 stk. singelfryst rå kr. 400,00
½ REINSKALV frå Filefjell ca. 12,5 kg kr. 2430,00
(195,00 pr.kg)
1 bogsteik, 1 lårsteik, 1 flatbiff, 1 rundbiff, 1 mørbrad, 1 ytrefilet, 1 indrefilet og karbonadedeig (mager). Steikene er surra, biffar og filetar reinskorne og alt er vacumpakka, karbonadedeigen i ca. 500g. Du betaler for vekta av den heile/halve kalven før nedskjæring tek til. Beinprosenten vil venteleg ligga rundt 30%, noko som vil svara til om lag 3,8 kg pr halve skrott. Du vil dermed motta mellom 8,5 og 9 kg i kassen. Ynskjer du det, får du med kraftbeina.
Med von om smakelege opplevingar
frå alle i Haugen :)