Lyspunkt i tilværet :)

gardsmat.jpg

Me er klar :)

Hei alle gode kundar, vener og samarbeidspartnarar.

Håpar alle er friske og har det bra, forholda tatt i betraktning.

Her i Haugen har alle det bra reint fysisk. Me er friske og «tidige», og forsøker å takla ein heilt annleis kvardag så godt det går (som dei fleste andre, reknar me med 😊).
Me jobbar beinhardt med å få hjula til å gå rundt, men prioriterer også litt trim og samling kring middagsbordet med nesten heile familien.

Situasjonen i verksemda vår er alvorleg.
Marknaden vår har kollapsa, og meir enn 80% av inntektene våre har fordufta.
Det står no faktisk om eit vidare liv for Haugen Gardsmat.

Heldigvis, har mange stått på for å få fart på i alle fall nokre av «hjula» me er avhengige av,
utanom dei varene som leverast til daglegvaren her vest.

Det er difor med stor glede me kan konstatera at: Reko-ringen Åsane og Fyllingsdalen framleis er i gang. 1. utlevering i morgon. Reko-ringen Fana opnar att med utlevering komande tysdag (31.03), i tillegg til at det er opna ein Ny Reko-ring austafjells: Reko-ringen Asker, med utlevering 1. april (Ingen spøk 😊).

Haugen Gardsmat deltek på alle desse Reko- ringane!

Sistnvnte, Asker, er ein ny Reko-ring der Bondens Markned Norge og Hanen (Næringsorganisasjonen for lokalmat og bygdeturisme) står bak, i samarbeid med Norsk gardsost.
På denne Reko-ringen vil ein berre finna verksemder som kvalifiserer til medlemsskap i ein av dei nevnte organisasjonane. (God kvalitetssikring)

Dette tiltaket har kome i gang for å avhjelpa situasjonen for Bondens Marknad deltakerar i Oslo, ettersom Marknadar for tida ikkje er mogeleg å avholda.

For dei som ikkje er kjent med konseptet REKO, så står dette for REttferdig KOnsum.
Konseptet er opprinnleg frå Finland, og er spreias eg  i heile Norden.
Tanken er at bønder skal kunna finna ein marknad, utan mellomledd som skal «eta av lasset».

Gode tiltak vert gjennomført no i desse tider, for å sikra at vare-overleveringa skal kunna gjennomførast på ein smitte-sikker måte. Kontaktlaus varelevering er poenget.

Framgangsmåte:
Meld deg inn i den Reko-ringen som er aktuell for deg.
Du vil der finna annonser frå alle verksemder som skal delta på den aktuelle datoen.
Berre aktuelle/ oppkomande datoar vil vera lista under den enkelte ringen.
Kvar produsent legg ut i si annonse:  Dato, tid, stad for utlevering, kva varer som er aktuelle for bestilling, og kva den enkelte vara/ pakken kostar.
Du legg så inn di bestilling i komentarfeltet under rett produsent.
Du kan sjølvsagt bestilla hjå fleire produsentar for henting same dag :)
Dei fleste produsentar vil så tildela deg eit bestillingsnummer.

Det vil berre vera mogeleg å henta varer som er bestillt på førehand.
Alminneleg omsetning av tilfeldige varer er ikkje vera mogeleg.

Heile opplegget er faktisk veldig enkelt og lettfatteleg, sjølv om det i første omgang kan virka litt komplisert.

Me ynskjer dykk alle alt godt, og vonar at så mange som mogeleg vil gjera seg nytte av tilboda
Me små lokalmat-verksemder strevar alle som sagt med å overleva, og treng den omsetninga desse tilltaka, og andre liknande tilltak, kan gje. Haugen Gardsmat er ikkje noko unnatak.

Hugs:

Dersom ein ynskjer seg tilgang til den store varefloraen alle småverksemder kan by på, også etter pandemien, så kan handel gjennom reko vera med å hjelpa til med at dette vert mogeleg også etter at Covid 19 er historie.

Med von om å sjå mange av dykk på dei ulike rekoringane;
Hald dykk friske, ta vare på kvarandre og kjøp lokalmat der dette er mogeleg.

Med venleg helsing
Kristine og Odd

Cart (0)