Takksam og audmjuk

-ord som ikkje nyttast for ofte, men dekkjande for kva me har opplevd etter at krisa var eit faktum.
Så mykje varme, så mange gode ord og ikkje minst: De gjer orda om til handling, i dobbel forstand.

Pakkar til utlevering

Me har krumma nakken, står på og har tru på ei framtid som liten lokalmatprodusent.
I desse tider betyr det for oss å ha kontakt med Coop-butikkane som sel Sognalapskaus, og å delta så mykje som mogeleg på REKO-ringar, Bondens Utlevering i Asker, og for fyrste gong: Bondens Marknad på Austlandet!
Fyrst ut er Kolbotn. Me er spente korleis det vert!
Sidan mykje av arbeidstokken i Haugen framleis er permitterte, er sortimentet noko mindre enn det de er vant til. Me tek med same varer til Bondens Marknad på Kolbotn som me tilbyr på REKO-ringane og Bondens Utlevering.

TIL DYKK SOM IKKJE KAN KOME TIL ASKER/SANDVIKA eller KOLBOTN og bur i Oslo:
For å kunne delta på Kolbotn reiser me austover fredag.
Då tenkjer me at det er mogeleg å levere ut bestilte varer til dykk som ikkje kan hente verken i Asker/Sandvika eller kome til Kolbotn.
De kan bestille via e-post (bestilling@haugengardsmat.no) frå lista under for henting anten i Birkelunden (mellom 18.00-18.30) eller på Valkyrieplass, parkert i nærleiken av Valkyrien grill (mellom 19.00 og 19.30)


Her er lista med varer som kan bestillast, og som også er sortimentet me kjem til å ha med til Kolbotn:

GRILLPAKKA fast pris kr. 1100
1 flatbiff av hjort (ca. 1 kg+)
2 flatbiff av lam (totalt ca 1 kg+)
2 kg kjøttfulle grillbein, ferdig varmebehandla sousvide og klar for varming og bruning på grill
6 storfeburgere, rå singelfrys 180g pr.stk

KVARDAGSPAKKA, kjapp og enkel kvardagsmat (3 middagar) fast pris kr 550
6 stk. storfeburger, rå 180g pr.stk
3 pk hakkasteik
3 pk Sognalapskaus

SPEKEPAKKA fast pris kr. 180,00
0,2 kg slica speka ytrefilet av svin
0,2 kg slica krydderbiff (speka og krydra flatbiff av svin)
(NB! Fenalåra heng framleis, men dei vert klar før 17.mai 😊)

HJORTEPAKKA Vill-hjort fast pris kr. 1000
Ytrefilet (ca. 400-600 g)
1 kg Grytekjøtt utan bein 2 x 0,5 kg
Hjorteburger 6 stk. (180 g)

Du kan også BESTILLE ENKELTVIS ELLER LAGE DINE EIGNE PAKKAR:

0,2 kg slica KRYDDERBIFF (speka og krydra flatbiff av svin) kr. 100,00
0,2 kg slica SPEKA YTREFILET (speka ytrefilet av svin) kr. 110,00

KJØTTFULLE GRILLBEIN 1kg, Ferdig marinert og kjøyrt sousvide. 129,00 pr stk

SOGNALAPSKAUS 900 gram kr. 79,00 pr.stk

HAKKASTEIK (4 porsjonar) kr. 100,00 Salta og røykt fårekjøt, salta svinekjøt og bygggryn.
Ferdig, klart til steikepanna :)

GARDSPATÈ, grov type leverpostei ca. 200g kr.60,00
Allergen: gluten, laktose

LAMMESKANK, salta og røykt (+/- 450 g) kr. 80,00 stk
Oppskrift med i pakka 😊

3 pk KJØTTBOLLAR 3 x 300 gram kr. 150,00
Du kan bestille viltbollar, lammebollar og tapasbollar, miks slik du ynskjer.

KJØTTKAKER (Storfe), singelfryst (ca 60g stk) 2 kg, ferdig steikt, kr 400,00

HAMBURGER (storfè), 6 stk a 180g, 200 kr

VILLHJORT
YTREFILET Vill-hjort (400-600 gram) kr. 320,00 pr. stk
GRYTEKJØTT PÅ BEIN (1 kg) av Vill-hjort kr. 159,00 pr.pk
KJØTTDEIG Vill-hjort (400 grams pakningar) Reint kverna hjortekjøtt, ikkje blanda med noko 78 kr/pk. Tilbod: 5 pk. Kr. 360,00
HJORTEBURGER 180g 5x2 stk. fryst rå kr. 400,00

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)