Julestemning

Uansett vær, no byrjar me å kjenne på julestemninga!

 

Det er klart for siste innspurt før jula set inn.

Med oss til Oslo og Bergen er det mykje god julemat til både høgtidsdagar, mellomjul og nyttår.

 

Fersk rein frå Filefjell og hjort frå Sogn. Odd har fått laga ny runde med nydelig porcetta, julepålegg, korv, spekemat og

pitte litt svineribbe og

 

pinnesteik har me også :)

For ikkje å gløyme: Sognalapskaus er sjølvsagt også med.

 

Me startar torsdag til sundag på Vinkelplassen, laurdag i Bergen, laurdag og sundag på Bærums Verk. Me kryssar fingrane for at me har med nok til å stå heilt til siste time på sundag!

 

Me gler oss til å sjå mange av dykk i løpet av dei komande

 

dagane, men vil også nytte høvet til å ynskje alle ei fin juleinnspurt!

 

Med von om smakelege opplevingar...

Storfamilien i Haugen

Cart (0)