Flott bilde lånt frå matprat.no :)
Hei alle saman!
”Ingen jul utan julemat frå Haugen” Ja, slik innleiar ein del e-postar me får frå dykk desse dagane.
Mange har allereie byrja å planlegge jula :)
Så, no er bestillingsskjema klart på nettsida. Her finn de både julemat og andre godsaker frå oss i Haugen: www.haugengardsmat.no/bestillingsskjema
I dag vakna me til snødryss på fjella og eit litt kaldare vær.
Hausten er ei fin tid, fargane, lufta og opplevingar med fjord og fjell.
Arbeidet her i Haugen går for fullt, og kvar veke er det Sognalam og vill hjort som skal gjennom produksjonsprosessane her hjå oss.
Grisene våre veks og trivast og driv stort sett med sitt.
Aktiviteten på marknader er litt mindre i år enn tidlegare, og når marknader vert avlyst grunna ulike smitteverntiltak, vert møtepunkta færre. Det er eit sakn, og me gler oss til å sjå dykk att etter kvart!
Me er med på reko her i vest, men det er framleis usikkert om me kjem oss austover før marknadene me er sett opp på.
Helgane har no vore nytta til jakt og triveleg samvær med familie og vener.
Det gjev oss energi og er ei god opplading til travle veker og ei hektisk førjulstid.
Me ynskjer dykk alle ei retteleg god helg!
Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat