Demo i Stryn, Norsk Matglede på Geilo og Fruktbare dagar på Leikanger 😊

Det går unna i Haugen!
No er det travle tider, men kjekt, og mykje å gle seg til.

Heilt på ekte! Dette er teken på hjortejakt seint i oktober for to år sidan:)

Heilt på ekte! Dette er teken på hjortejakt seint i oktober for to år sidan:)

Fredag skal me til Coop Extra i Stryn og gje ut smaksprøvar av Sognalapskaus.

Lapskausen vert også med til Leikanger og «Fruktbare dagar» på laurdag, men då også med andre varer frå Haugen Gardsmat. Både fersk hjort, lam og kje, spekemat, hakkasteik, kjøttbollar og bacon. 

Laurdag kjem me også til Geilo og Norsk Matglede
Det vert ein spanande dag og kveld!
Me har mykje til felles med naboane på andre sida av vannskillet: Gleda over natur, fjell og godene me kan dele og hente heim til bugnande bord. Lokal mat og drikke, bærekraft og opplevingar.

 De finn oss i festivalteltet der me på dagtid vil servere Sognalapskaus i tillegg til å ha med oss ferskvarer, hakkasteik, spekemat, kjøttbollar og bacon.

På kvelden vert det skikkeleg oktoberfest med eit skifte i menyen:
Me diskar opp med tyskinspirert ølmeny.

Sjåast på Geilo!

Med von om smakelege opplevingar….
Kristine og Odd
Haugen Gardsmat

Cart (0)