Heilt utruleg; kor fort tida går på den eine sida, mens ein i retrospekt ser alt som allereie har skjedd i haust!
No er førjulstida her ,og i Haugen er det lukta av nykappa pinnakjøt, produksjon av julepålegg, fenalår og anna spekemat på modning, pølser og andre godsaker som har fokus. For ikkje å snakke om den flotte hjorten som kjem inn kvar veke :)
Litt stein i skoen akkurat no, då Odd og eg må kaste inn handle og berre akseptere at det ikkje vert oss som kjem til Vinkelplassen og Bærums Verk denne helga.
- me må rett og slett verte feberfri.
Vel, slik er livet, og når ‘ungane i Haugen’ er spreidd for alle vindar, er det godt er det å ha den stødige nevøen vår Kevin, og Marte som er klar til å trå til. Me er jammen heldige!
Programmet framover er stramt, og det gjeld å ha tunga beint i munnen når bestillingar kjem inn frå www.haugengardsmat.no/julebutikken
Nokon melder om at den er vanskeleg å bruke, då kan de evt. sende bestilling direkte til bestilling@haugengardsmat.no (Viktig at de er konkret om hentestad og dato)
Frå og med neste helg vert det Bondens Marknad både i Bergen og Oslo-området.
Sjekk www.bondensmarked.no for info om stad og tid for marknader.
Vel, litt kort i dag, men me kjem sterk og klar attende berre formen stig litt :)
Med von om god helg smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen