Overnatting i Haugen og mogelegheit for middag i grindløa
Mange har gjennom åra snakka om å vitje oss i Haugen og oppleve Flåm og den fantastiske naturen me har rundt oss. Anten om det skjer med buss, båt, tog, bil, sykkel på rallarvegen eller vandring. Det er mange tilbod og opplevingar i området me kan anbefale varmt!
Som attåtnæring til garden har me dei siste åra hatt to einingar for utleige. Me kan også avtale middagservering i grindløa på tunet under opphaldet.
Me leiger ut:
* Kårhus med to soverom og plass til 4-6 personar. Meir info, bilete og bestilling gjennom Airb&b finn du HER
* Eldhuslemmen: Studioleiligheit som passar for to. Meir info, bilete og bestilling gjennom Airb&b finn du HER
Kanskje me sjåast i Haugen?
Velkomen skal de vera!
Mvh. Odd, Kristine og resten av familien i Haugen